Korleis kjem dei geopolitiske spenningane til å utvikle seg i Arktis? Vil USA auke sitt engasjement i Arktis, inkludert Grønland? Og korleis er vilkåra for den opphavlege befolkninga, samane? Kva framtid ventar ungdommen i området?
NJC inviterer nordiske journalistar til pressetur til Tromsø med spesiell tilgang til Barentsregionens største konferanse, Arctic Frontiers 2026. Arktis står i sentrum for raske klimaendringar og pågåande geopolitiske spenningar. Kontroll over skipsleier, naturressursar og territorium står på spel.
350 kilometer nord for polarsirkelen ligger Tromsø som jo er Noregs arktiske hovudstad, Der samlar Arctic Frontiers flere enn 1500 deltakarar kvart år. Her møtest statsleiarar, politikarar, embetsfolk, frivillige organisasjonar, forskarar, næringsliv, militære og representantar for lokalbefolkninga for å diskutere framtida i Arktis.
Konferansen går føre seg 2.–5. februar og er ekstra aktuell i 2026. Arktisk råd, med hovudsete i Tromsø, er ein sentral aktør i utviklinga. Danmark held no leiarskapet i Arktisk råd, og spørsmålet er om dei vil følgje den norske, pragmatiske og dialogsøkjande linja i samarbeidet med Russland, eller prioritere ei meir tryggingspolitisk dagsorden.
På “Arctic Frontiers 2026” får du både ettertanke og stoff til publisering, for her er tema som klimapolitikk, klimaendringar, sikkerheitspolitikk og samarbeid sentralt. Du får også møte den arktiske urbefolkninga, samane, og høyre deira syn på rettar og framtida.
Presseturen inkluderer tilgang til konferansen og høve til intervju med nøkkelpersonar, parallelle arrangement med utvalde ekspertar og kjelder, samt eigne aktivitetar for studentar og unge deltakarar.
Pressekort er ei forutsetning for å delta. Alle kan søkje og det blir lagt særleg vekt på unge journalistar, deltaking frå heile Norden og mogleg publisering i etterkant. Tilbodet gjeld også for vitskapsjournalistar.
Slik søkjer du:
Skriv ein motivert søknad i skjemaet, der du fortel om bakgrunnen din, mediet ditt, publiseringsplanar og kvifor du vil med på dette.
Praktisk info:
Presseturen går frå 2. til 5. februar 2026. (Ankomst Tromsø måndag 2. februar)
Søknadsfrist: 17. desember 2025
Deltakaravgifta er 2 000 DKK.
Prisen inkluderer konferansebillet til Arctic Frontiers, hotellovernatting med frukost i konferanseområdet frå 2.–5. januar 2025 (3 netter).
Følgjande er ikkje inkludert: Transport til Tromsø og reiseforsikring.
Turleiar:
Leif Lønsmann, journalist og tidlegare radiodirektør i DR, og erfaren observatør av arktiske tilhøve. Lønsmann har vore med på Arctic Frontiers dei siste fem åra og har skrive om området på Altinget og NJC si nettside.
Støtte og samarbeid:
NJC står for innhaldet i programmet og rekruttering av deltakarar. Turen er laga i samarbeid med pressesekretariatet til Arctic Frontiers og vert støtta av prosjektmidlar frå Demos-programmet, administrert av Nordisk kulturkontakt i Helsinki for Nordisk ministerråd.
Spørsmål om presseturen:
Kirstine Ottesen, prosjektkoordinator, NJC
Mobil: +45 21 37 03 39
E-post: kio@dmjx.dk
John Frølich, senterleiar, NJC
Mobil: +45 20 950 945
E-post: jf2@dmjx.dk.